Leserbrev:

EU har endeleg kome på banen i saka om sommartid. Spørsmålet er no om det skal bli slutt på å stille klokka to gongar årleg. Etter at eg sjølv har tatt opp temaet klokkestilling i fleire år, applauderer eg sjølvsagt at det endeleg kan vera håp om å sleppe dette. Eg vil likevel advare sterkt mot at sommartid blir valt til å vera den faste tida. Det er ein grunn til at normaltid heiter normaltid, og det er den tida vi no har i vinterhalvåret.

Då sommartid vart innført, argumenterte forskarane med at dette var betre for helsa vår. Sidan den gongen har forskinga gått framover, og konklusjonen er det motsette: Sommartid skiplar den biologiske klokka og døgnrytmen vår, dermed også søvnrytmen. Eg er oppteken av ungdommen, som er endå meir B-menneske enn vaksne, og som allereie i dag slit med at skulen startar for tidleg. I sommarhalvåret mistar dei endå ein times søvn om morgonane på grunn av sommartida, men skulle sommartid bli innført som det normale heile året, blir problemet endå verre. Og for alle andre B-menneske ville det også bety mange færre timar god, helsebringande og prestasjonsfremjande søvn i løpet av året. Det vil såleis ikkje berre bli negative konsekvensar for den enkelte, men også for samfunnet.

Eg har sjølv sagt at det viktigaste er å ha same tid heile året, og tidlegare meinte eg at dette like gjerne kunne vera sommartid. Det er etter å ha sett meg godt inn i forskinga på døgn- og søvnrytme at eg har endra meining. Vi bør vise større omsyn til folk med søvnproblem enn til folk som ønskjer litt meir lys etter arbeidstid i praksis berre nokre veker ekstra i året. Viss målet er å gi fleire meir lys etter arbeidstid, er det fullt mogleg å innføre meir fleksible arbeidstidsordningar på ein del arbeidsplassar. På ein god del av dei arbeidsplassane der det er vanskeleg å tilby fleksitid, er arbeidstida for øvrig allereie så tidleg som mellom klokka 07-15.

Det er flott at det kan bli slutt på klokkestillinga, men løysinga er ikkje sommartid heile året – det er så ha same tid heile året. Og då er normaltid det rette.

Jenny Klinge Stortingsrepresentant, Senterpartiet