Jenny Klinge

Det er ei tilsløring av verkelegheita ulike stortingsrepresentantar frå Høgre driv med når dei påstår at det ikkje er mogleg å utstede sikre norske pass utan å sentralisere passtilbodet. Regjeringa har ikkje lagt fram eit einaste bevis på at det å kutte i passtilbodet vil betre kvaliteten.

Såleis godtek Høgre sterkt aukande avstandar for innbyggjarane når dei skal skaffe seg pass utan at dette eigentleg er nødvendig for å styrke sikkerheita på passa eller for å få sikre nasjonale id-kort i framtida.

Færre passkontor er heller ikkje noko som blir krevd i internasjonale standardar, som regjeringa stadig vekk viser til.

Dette kokar ned til om vi skal oppretthalde eit like godt passtilbod som vi har i dag, eller om ein skal sentralisere og skuve kostnader og tidsbruk over på innbyggjarar og næringsliv. Eksempelvis kan ein familie på fem måtte skaffe nye pass i heile 16 av 22 år, på grunn av at krava for å ha gyldig pass endrar seg med alderen.

Vi i Senterpartiet meiner det er viktig å oppretthalde eit godt tenestetilbod nær folk, og går inn for at alle lensmannskontor som står att etter politireforma skal tilby passtenester.

Jenny Klinge Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet