Smått er godt for Holtålen!

Smått er iallfall godtnok for dei grisgrendte bygdene der vi bur, og fortsatt ønskjer sosialt,kulturelt og tenesteytande samkvem, og da målt og vurdert mot s.k."stordriftsfordeler".  Samarbeid er eit umåteleg gode, og eg meiner at det Holtålen, Os og Røros har fått til over år, syner det. Men krev vidareutviklinga av dette samanslåing? NEI! Foreløpig ikkje, og er det, som påstått, eit demokratisk problem? I så fall trur eg det er enklare for politikarane å gjera noe med det i noverande struktur enn å risikere tap av lokaldemokrati som følgje av sentralisert «rådhus-makt» og større avstandar.

Så til stordriftsfordelene. Dei trur eg er kraftig overvurderte, og med dagens åpne kommunikasjonsmuligheter er det ikkje nødvendig at fagfolka dagleg må drikke kaffe saman for å oppnå «robuste» fagmiljø. Stordrift trygger ikkje arbeidplassar for andre enn over-gasjerte stordrivarar, og det gje ikkje fleire arbeidplassar i bygdene der vi bur. Ein treng ikkje gå så langt etter eksempel: Små sparebankar har vore dødsdømte i ei årrekkje. Eks. berger Haltdalen bra med å styre seg sjølv. Det gir arbeidplassar her, og skaffar lokal kapital-tilgang. Her-buande kundar i storbankane får nok gjort banktenestene sine, men mange arbeidsplassar blir det ikkje av det, iallfall ikkje her.

Til slutt kjem det for meg eit ordtak: Det er vondt å vera liten, men verre å vera stor!

Reidar Mylius