Hopp til: Navigasjon | Innhold | Undermeny
- Vil verkeleg Naturvernforbundet avfolke bygdene, spør leder i rovviltnemda, Toril Mehlheim Strand.
Lederen i den regionale rovviltnemda (region 6), Toril Melheim Strand, har sendt oss dette leserinnlegget:
Dette er eit spørsmål eg har stilt meg ofte dei siste åra. Bønder og naturvernarar burde vere på samme lag! Å arbeide for rein luft, reint vatn og rein jord i eit vakkert kultur- og naturlandskap, sjølve livsgrunnlaget for menneska, burde foreine alle. Koplinga til landbruket, det som opprettheld arbeidsplassar på bygdene og legg til rette for andre næringar som t.d. reiseliv, burde vere soleklar. Bøndene skaffar oss ikkje berre mat, men held vedlike kulturlandskap ved at dei har dyr på beite. Sau og rein beiter i utmarka samtidig som dei produserer reint og kjøt av beste kvalitet. Kva er så problemet?
Underteikna styrer med rovviltpolitikk i Midt-Norge. I rovviltnemnda prøver vi etter beste evne å legge til rette for å oppfylle Stortinget sine krav om at det skal vere ei viss mengde med bjørn, gaupe og jerv i vårt område, samstundes som det framleis skal vere utmarksbeiting i alle deler av dei tre fylka. Vi har likevel slite for å komme ned på dei vedtekne måla for tal ynglingar av jerv og gaupe. I denne striden har Naturvernforbundet heile tida stått på rovviltet si side. Det synest for meg som om Naturvernforbundet har høgare måltal for rovdyra enn dei Stortinget har sett. Store lidingar for dyr på beite etter rovdyrangrep tel lite i høve eit rovdyr mindre i naturen. Likeeins har dei liten tiltru til lokal kunnskap t.d. hos dei som i århundre har forvalta naturen som sitt livsgrunnlag. Det er ”fagkunnskapen” som sit i høgsetet, dvs dei som forskar på rovviltet sin oppførsel og dei som har lært om dette på skulen. No har Naturvernforbundet innsett at det er nok rovvilt (godt over målsettinga) i Nord-Trøndelag og at det er omtrent på vedtatt nivå i Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Kva gjer vi så vidare? Natuvernforbundet meiner at det ikkje skal takast ut jerv og gaupe i område med mål om yngling i desse to fylka, medan vi i rovviltnemnda meiner at eit svært lågt uttak må til for å halda rovviltstammane i sjakk. Vi må ikkje gjere dei same feila her som ein tidlegare har gjort i Nord-Trøndelag der rovvilttrykket vart altfor høgt.
No er det slik at det er mange grunnar til at beitedyr mister livet i utmarka, men i dei områda der rovvilt har reetablert seg, kan dette fort gje store utslag. Det er besetningar som taper opptil femti prosent av lamma sine, gjerne i område der ein før hadde normaltap på t.d. to til frm prosent. Då er det ikkje meir enn rimeleg at bonden får erstatning for dei rovviltdrepte dyra, men som ein reineigar i Nord-Trøndelag så treffande sa det: ”Ei krone kalvar ikkje”. Avl og utplukking av dei beste dyra til påsett blir uråd. Slaktevektene går ned og overskotet forsvinn. Motivasjonen til å ta imot erstatningar blir heller ikkje betre av at ein opplever å bli mistrudd, både i forvaltninga og av uvetige aktivistar som trur at det går an å passe på dyra mot rovdyrangrep i utmarka i 24 timar 7 dagar i veka. Sjøl ikkje på innmark eller i eit rovviltsikra gjerde greier ein det eitt hundre prosent.
Det er og mange grunnar til at gardsbruk blir lagt ned, eller at neste generasjon vel å ikkje ta over. Rovviltproblematikken er ofte tunga på vektskåla. Landbrukspolitikken, inklusiv rovviltpolitikken er svært viktig for landet vårt. Han vil bestemme om landsbygda vil bestå i framtida, eller om vi skal få svenske tilstandar med folketomme bygder, attgroing og øde skogslandskap. Her bør Naturvernforbundet gå i seg sjølv. Er det dei urbane naturvernaraktivistane som alltid har dei rette svara?
Toril Melheim Strand, Ap
Leiar i rovviltnemnda i reg. 6

Nea Radio, postboks 60, 7581 Selbu – Telefon 73817400 – Utviklet av Grafisk Senter
Kommentarer
Skrevet av Tone Våg 31-01-12 11:00
Bra Torild, her får du sagt det som bør sies!